Home
Forum er nede

Det ser ut som forumet har tatt kveld, driver og jobber med og få til et nytt og forbedra forum.

 - Adrian

 
Fylling av luft og opplæring i kompressorbruk

 

Dersom nokon treng luft eller instruksjon i bruk av kompressor kan de kontakte Eirik Vestre. 

Han har sagt seg villig til å vere behelpeleg til dette. :)

Føresetnadane er sjølvsagt at ein er medlem, eller at ein betalar for fyllinga.  

 

Takk skal du ha Eirik :) 

 

mvh

Øyvind Skodje- Formann 

 

 
Luftfylling for ikkje-medlem

Det er no laga til ei betalingsordning for luftfylling for dei som ikkje er medlem i HSDK.

Ordninga er svært enkel, men det krevar at folk er ærlege.

Prosedyra er slik:

Den som ikkje er medlem og treng luft, må ha med seg ein representant frå HSDK med tilgangskort til kompressoren. Der skal det fyllast ut ein logg med namn på flaskeeigar og namn på representant frå HSDK. Den vanlege loggen skal og fyllast ut. Då får vi ei grei oversikt over kven som har fylt. 

Representanten frå HSDK er og ansvarleg for at alle prosedyrer vert fulgt.

 

Det står ei boks der ein kan putte på pengar. Ellers kan ein kontakte ein i styret for å få eit bankkontonr. Boksa vert tømt regelmessig. 

Håpar at denne ordninga kan fungere. Dette er for å gjere det enkelt for folk i nærområdet å kome seg i vatnet. Om vi avdekkar noko snusk, vil ordninga verte avslutta umiddelbart og straffegebyr utstedt.

Håpar de vil benytte dykk av ordningaWink 

Prisar:

Singelflaske  40kr
 Lite dobbeltsett 60kr
 Dobbel10/12 og oppover 80kr
 
  
  Øyvind Skodje -Formann 
 
Reportasje til sommaravisa i Haramsnytt

Vi fekk søndag 14. juni besøk av Evy frå Haramsnytt. Ho intervjua oss om HSDK og litt om dykking  generelt. 

Dei som møtte var : Eirik Vestre, Krisotffer Nesje, Kristia Osvik, Terese Busdal, Magnus Brusdal Osvik (våra yngste medlem) og Øyvind Skodje

Eirik og Øyvind tok seg og ei kjapt dykk.  

Reportasjen kjem i avisa 20 juni. 

Bilete legg eg ut i galleriet ute til venstre i menyen:) 

 

mvh

Øyvind Skodje 

 
Den nye Kompressoren

Vi hadde i dag, 5.juni, opplæring i bruk av den nye kompressoren.

Vi var faktisk 8 stk som møtte opp!Smile

Fyllerutinene er omlag som før, kun små endringar.

Alle må ha opplæring før dei får fylle luft "aleine"! 

Eg fåreslår at dei som ikkje har fått det tek kontakt med meg eller Kristian Osvik, så de får opplæring.

Alle som skal fylle SKAL ha godkjendt flaske 

 

Eg har kodekorta heilme hjå meg, så den som vil ha det kan ta kontakt på 99588930.

Den som ikkje hugsar koden sin, kan kontakte meg:) 

Den nye kompressoren har fyllehastigheit på ca 350l min, og der er 4 uttak for 300 bar (rød kobling) og to uttak på 200 bar (svart kobling). Hugs å opne spjelda i veggen før ein startar kompressoren!

Timeteljar og digital "bar-teljar" er på sjølve kompressoren pluss dei vanlege målarane på fyllepanelet.

 

Håpar den vert brukt mykje i tida som kjem!

 

mvh

Øyvind Skodje -Formann 

 
Innlevering av nøklar

Dersom det er nøklar til den gamle kompressoren i omlaup, må desse leverast inn til Stig Fjørtoft snarast!

mvh

Øyvind Skodje 

 
Flytting av fyllestasjonen

Dersom alt går etter planen vil fyllepanelet bli flytta ned på den nye brannstasjonen i neste veke ein gong.

Det vert laga til slik at ein manuelt styrar kanal for kjølelufta og automatikk på opning/lukking av spjeld på luft til/frå no i starten, då dei ikkje har fått  alle delane på plass att enda. Ein må difor rekne med at neste veka kan verte litt problematisk med tanke på luftfylling. 


Noko som er like viktig, er at  ALLE SOM IKKJE HAR BEDT OM FYLLEKORT GJER DET SNARAST!

De kan då sende meg ein mail med ein ønska 4-sifra kode, namn og nummer. Kriteria for fyllekort er sjølvsagt at ein betalar medlemskontigenten. Giro kan ventast i posten snart. For nye meldem kan ein gå inn på "BLI MEDLEM" i menyen på venstre side, og registrere seg der. 

 

mvh
Øyvind Skodje

Formann HSDK   Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

 

 

 
«StartForrige12NesteSiste»

Side 1 av 2
 

Pålogget

Vi har 1 gjest her nå